I dag er det Earth Hour
I kveld skal folk over heile verda skru av lyset - skal du?
Earth Hour er ei symbolsk markering der folk over heile verda sløkkjer lyset i ein time for klimaet vårt.
Markeringa vil gjera folk meir merksame på dei klimautfordringane me står overfor.
At me saman skrur av elektrisk lys i ein time skal vera eit symbol på at menneske verda over må stå saman for å redda jordkloden vår.
Earth Hour vart halde for første gong i 2007 i Sydney i Australia.
I dag skrur me nok ein gong lyset av for klima.
I Noreg skal lyset sløkkjast kl 2030.
Skal du vera med på Earth Hour?