Gir brukte leiker i bursdagsgåve
Åtte år gamle Else Ahlmann Nyre frå Trondheim syns det er stas å få både gåver som er kjøpt i butikken, og gåver som har vore brukt før.
– Men det er best å få gjenbruk, for då er det nokon som har vore glad i det før. Gåver frå leiketøysbutikkar er det ingen som har leika med før, seier Else.
I hylla hennar på soverommet, ligg Knertenfamilien, eit kosedyr, ein film, glitterpennar og perler som venane hennar har leika med sjølv, før dei ga det vidare i bursdagsgåve.
Starta med latskap
Det heile byrja eigentleg ganske tilfeldig.
Grete, lillesystera til Else, skulle i bursdag, og då orka ikkje mora å kjøpe bursdagsgåve.
– Eg bad ho finne noko på rommet sitt som ho kunne gi vekk. Ho gjorde det, og eg tenkte kvifor ikkje fortsette, seier Ingebjørg, mora til Else og Grete.
– Er det ikkje litt dårleg gjort mot borna å ikkje la dei få noko nytt til bursdagen sin?
– Det verkar ikkje slik. Det har ikkje blitt kommentert negativt, det verkar ikkje som ungane har så mykje fokus på det. Det er kanskje vi vaksne som er litt redd for å gi bort ting som er blitt brukt, fortel Ingebjørg.
Spent på reaksjonane
Då Else fylte åtte år og Grete seks år rundt same tid, skreiv dei på invitasjonane til bursdagen sin at dei gjerne ville ha brukte gåver.
Borna hadde allereie pakka inn leikene sine, og gitt dei bort i gåve ei stund.
Likevel var familien spent på kor mange som ville gjere det same då dei skreiv det i bursdagsinvitasjonane.
– Det var ganske mange som gjorde det i Else sin bursdag. Vi tenkte at dersom éin gjorde det var målet nådd, men det var fleire som gjorde det, fortel Ingebjørg.
Ho veit også at det er fleire i barnehagen til Grete som gjer det.
– Men eg trur vi er dei fyrste som har skrive det på invitasjonen, seier Ingebjørg.
Miljøvenleg
Organisasjonen Framtiden i våre hender jobbar mellom anna med miljøvenleg forbruk, og dei syns det er bra at nokon tørr å gi gjenbruksgåver.
– Det krev eit visst mot, men eg trur vi vil sjå meir av det framover. Eg håper og trur at denne familien er ein trendsetter, seier leiaren for Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.
Han meiner at å kjøpe nytt heile tida ikkje er bra for miljøet, og at det å gi brukte gåver dermed er meir miljøvenleg.
Denne artikkelen er henta frå nrk.no og er skriven av Lise Sørensen.
Kva leike ville du gitt bort av dine eigne leiker?