Quantcast
Channel: Supernytt » miljø
Viewing all articles
Browse latest Browse all 25

Bygg eit insekthotell

$
0
0

Bygg eit insekthotell

Mange av dykk har kanskje vore på ferie og budd på hotell, men visste de at insekt også kan trenge eit "hotellrom" i ny og ne?

Ein del insekt brukar hol og sprekkar i ved og bark, holrom i bambuspinnar og hole strå til å både leggje egg og overvintre i.

Insektar som hotellgjestar

Du kan bygge eit insektshotell slik at insekta har ein plass å leggje egg og overvintre. (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Du kan bygge eit insekthotell slik at insekta har ein plass å leggje egg og overvintre. (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Med all asfalten og betongen vi har i byane og tettstadane våre kombinert med at folk klipper ned både hekkar og plenar, er ikkje det så lett for insekta å finne slike buplassar.

Så dersom du vil hjelpe villbier, veps, biller og andre insekt kan du byggje eit insekthotell, som dei kan sjekke inn i og vere gjestane dine.

Og betalinga for eit hotellrom? Dei gir deg fleire blomar og frukter ved at dei bestøver blomane dine når dei flyg frå blome til blome og sankar mat.

Mange måtar å byggje hotella på

 

Systrene Karoline, Marie og Jenny Lønnve brukar ein hul stammebit, som dei fyller opp med hole stenger, tett i tett.

Du kan også snikre ei treramme, ta ein gamal fuglekasse og fjerne framsida, eller rett og slett ta ei gamal skuffe og ta ut botnen av den.

Når du har funne ramma for hotellet ditt, kan du fylle den med hole bambus, strå eller vedkubbar og mursteinar som du borer hol i.

Det viktigaste er at insektane får holrom som kan fungere som enkeltrom, der dei kan leggje egg.

Det viktigaste med insektshotella er at insektane får "enkeltrom" å leggje egg i.  (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Det viktigaste med insekthotella er at insektane får "enkeltrom" å leggje egg i. (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Kva gjer du når du er ferdig?

 

Den ferdige kassa treng ikkje å stå tørt, men den bør stå ein plass med mykje sol, fordi insekta likar å ha det varmt.

Elles treng du faktisk ikkje å passe på gjestane dine noko etter kassa er ferdigbygd.

Dei er veldig sjølvhjelpne, og finn til og med fram til si eiga frukost.

Lurer du på om eit rom er oppteken eller ikkje, så har faktisk insekta sin eigen form for "ikkje forstyrr"-skilt. Dei dekkjer holet dei har lagt eit egg i med gjørme slik at det vert tett.

Og er du uroa for at insekt som stikkeveps skal flytte inn i hotellet ditt, så er det berre å puste letta ut: Dei likar seg best i bol, altså einebustad, ikkje på hotell.

 

Søstrene Jenny, Karoline og Marie er klare for å opne sitt første insekthotell. (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Søstrene Jenny, Karoline og Marie er klare for å opne sitt første insekthotell. (Foto: Jean Christine Cena / NRK)

Kjelde: Jon Lønnve, Naturhistorisk museum

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 25